Latife er halvt norsk med sterke band til heimlandet til faren hennar, Tyrkia. Ho er oppkalla etter bestemora si – ei nesten hundre år gammal kvinne – og familien reiser kvart år til Lilleasia for å feire den noko uklare bursdagen hennar. Ho fortel om familierelasjonar og om si eiga fleirkulturelle bakgrunn, særleg i møte med nysgjerrige som spør. Latife går på Steinerskulen, som ho skildrar som ein «alternativ skule» der ho trivst godt – mykje på grunn av at det ikkje er eksamen – og der ho går i ein klasse med berre ti elevar. Ho gler seg til russetida. Vidare deltek Latife i Fargespill, som ho vart med i relativt seint, i 2023. Likevel skildrar ho organisasjonen som ein stor og viktig del av livet sitt. Intervju ved Irene Kinunda Afriyie.
00:00 – Forteljaren sitt namn 01:17 – Bestemora 03:17 – Om faren og tilknytinga til Tyrkia 08:29 – Tilbake i fedrelandet 11:30 – Familien og den tyrkiske identiteten 15:33 – Den tyrkiske bestefaren 16:16 – Søskenflokken 19:37 – «Dritten i midten» 20:45 – Svar på spørsmålet: «Kvar er du frå?» 23:42 – Russetida 25:34 – Mor si vestlandske slekt 27:47 – Forventningar til å vere russ 30:19 – Steinerskulen 34:03 – Overgangen til Steinerskule 41:28 – Planar etter vidaregåande 44:31 – Om Fargespill 52:57 – Forteljingar frå Fargespill 58:44 – «Kva står på russekortet ditt?» 01:00:59 – Minne frå barndommen